Hopp til hovudinnhald

Om munnleg prøve

Den munnlege prøven i norsk (A1–B2) testar kor godt du snakkar norsk. Prøven er ein pareksamen der to og to kandidatar tar prøven saman. Munnleg prøve blir også kalla Delprøve i munnleg kommunikasjon.

Du må velje nivå

Du må velje nivå når du melder deg opp til den munnlege prøven. Du kan velje mellom desse nivåa:

  • nivå A1–A2 (det lettaste nivået)
  • nivå A2–B1 (middels vanskeleg nivå)
  • nivå B1–B2 (vanskeleg nivå)

På den munnlege prøven kan du få eit lågare resultat enn det nivået du har meldt deg opp til. Det kan også skje at du kan få eit høgare resultat.

Viss sensor trur at du kan klare eit høgare nivå enn den prøven du har meldt deg opp til, kan du få eit ekstraspørsmål frå nivået over.

Viss du deltar på norskopplæring, bør du spørje læraren din om kva nivå du bør velje. Du kan fylle ut eit vurderingsskjema (eigenvurdering) som du kan vise til læraren din (Word).

For å velje rett nivå, kan det vere nyttig å sjå eksempel på oppgåver på ulike nivå og øve seg på desse, og å lese om kva som er typisk for dei ulike språknivåa.

Du skal snakke åleine og saman med ein annan

Du tar vanlegvis prøven saman med ein annan person, som også skal ta prøven (ein annan elev/kandidat). Dette kallast ein pareksamen, der to og to kandidatar tar prøven saman.

Nokre oppgåver er individuelle, der du skal snakke åleine. Éi av oppgåvene er ei samtaleoppgåve, der du skal snakke saman med den andre kandidaten som tar prøven samtidig som deg.

Dette testar munnleg prøve

Prøven testar berre kor godt du kan snakke norsk, og ikkje kva du kan om temaa i prøven. Oppgåvene i prøven handlar om tema som alle vaksne kjenner til, som for eksempel familie, skule og arbeid.

Prøven testar

  1. om du svarer på det oppgåvene spør om, på ein forståeleg måte.
  2. ulike sider ved språket i svara dine: flyt, uttale, ordforråd og grammatikk.

Oppgåver på den munnlege prøven

Prøven tar mindre enn ein halvtime

Den munnlege prøven varar omtrent 20–25 minutt. Det betyr at prøven er ferdig før det har gått ein halv time.

Sensor set resultat på prøven

Det er sensor på prøvestaden der du tar prøven som set resultat på delprøven i munnleg kommunikasjon.

Eksaminator er òg med og vurderer, men sensor er den som avgjer resultatet.

Både sensor og eksaminator har fått opplæring og trening i vurderingsarbeid, slik at dei veit korleis dei skal vurdere på munnleg prøve.

Sensorane set resultatet ut frå eit vurderingsskjema som beskriv dei ulike nivåa.

Du har rett til å få sjå vurderingsskjemaet ditt etter at du har fått resultatet, om du ønsker det. Du kan då sjå kva for eit nivå du har fått på dei ulike sidene ved språket (flyt, uttale, ordforråd og grammatikk). Prøvestaden skal ta vare på skjemaet i eitt år etter prøven. Du kan kontakte prøvestaden og be om å få ein kopi av skjemaet.