Hopp til hovudinnhald
Informasjon om moglege endringar og oppdateringar av identitetsnummeret ditt i prøvesystemet

HK-dir førebur overgangen til eit nytt system for gjennomføring av prøver i norsk, samfunnskunnskap og statsborgarprøva. Ein viktig del av dette arbeidet er å sikre at personopplysningane som blir overførte til det nye systemet, er korrekte og oppdaterte. Dette er nødvendig for å ta vare på personvernet ditt, mellom anna ved å sikre at opplysningane om deg i prøvesystemet er riktige. Les meir.

Informasjon om moglege endringar og oppdateringar av identitetsnummeret ditt i prøvesystemet

HK-dir førebur overgangen til eit nytt system for gjennomføring av prøver i norsk, samfunnskunnskap og statsborgarprøva. Ein viktig del av dette arbeidet er å sikre at personopplysningane som blir overførte til det nye systemet, er korrekte og oppdaterte. Dette er nødvendig for å ta vare på personvernet ditt, mellom anna ved å sikre at opplysningane om deg i prøvesystemet er riktige.

Kva vil vi endre eller oppdatere?

I løpet av dei komande vekene vil HK-dir kontrollere og oppdatere identitetsopplysningane dine i prøvesystemet. Dette kan gjelde norsk fødselsnummer, D-nummer, DUF-nummer eller passnummer. Vi gjer endringar dersom opplysningane våre ikkje er korrekte eller ikkje samsvarar med dei oppdaterte opplysningane om deg i Folkeregisteret.

Før vi gjer endringar, lagrar vi ein kopi av opplysningane i prøvesystemet. Dette gjer vi for å kunne rette opp eventuelle feil dersom noko ikkje blir oppdatert riktig. Når vi er heilt sikre på at opplysningane er korrekte, vil vi slette denne kopien.

Kva seier lova om endringane og oppdateringane HK-dir skal gjere i prøvesystemet med opplysningane dine?

HK-dir har lov til å rette og oppdatere personopplysningane dine for å sikre at dei er riktige og har god kvalitet. Dette følgjer av personvernregelverket, integreringslova og integreringsforskrifta. Regelverket gir oss òg rett til å hente inn nødvendige opplysningar frå deg, kommunen og Folkeregisteret. Dette er nødvendig for å kunne gjennomføre og dokumentere prøver i norsk, samfunnskunnskap og statsborgarprøva i prøvesystemet.

Sjå mellom anna:

  • personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e
  • integreringslova § 41 første ledd bokstav c
  • integreringsforskrifta § 44 første ledd bokstav c, § 46 og § 57

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om korleis HK-dir behandlar personopplysningane dine, kva rettar du har etter personvernregelverket, eller meiner at opplysningane om deg er behandla feil, kan du kontakte personvernombodet i HK-dir på e-post:

Du kan òg lese meir om korleis HK-dir behandlar personopplysningane dine i personvernerklæringa på nettsidene til HK-dir:

Dersom du oppdagar at opplysningane dine i prøvesystemet er feil eller ikkje lenger er oppdaterte, ber vi deg kontakte prøvestaden din.