Hopp til hovudinnhald

Om leseprøven

Leseprøven i norsk (A1–B2) testar om du forstår tekstar på norsk.

Slik er prøven bygd opp

Alle som melder seg opp til leseprøven startar med den same prøven, men alle får ikkje dei same oppgåvene.

Leseprøven har totalt tre delar. Den startar med to forprøver. Desse forprøvane er korte og har 7–8 oppgåver. Den første forprøven er på nivå A2.

Det er resultatet ditt frå forprøvane som avgjer kva oppgåver du får på neste del av prøven (forprøve nummer to og hovudprøven). Dette er for at du skal få oppgåver som passar til nivået ditt.

Hovudprøven er lang og har cirka 20 oppgåver. Nivået på oppgåvene varierer etter kva nivå du har fått på forprøvane.

Det er tre ulike nivå av hovudprøven:

  • A1–A2 (det lettaste nivået)
  • A2–B1 (middels vanskeleg nivå)
  • B1–B2 (vanskeleg nivå)

Figuren nedanfor viser at du begynner på første forprøve, før du går vidare til ein av dei to neste forprøvane, og til slutt får ein av tre moglege hovudprøvar.

Illustrasjonen viser prosessen med forprøver og hovudprøve på leseprøven i norsk. Helt til venstre i illustrasjonen er eit forenkla omriss av ein person. Figuren er lys oransje og det står "Kandidat" på brystet til figuren. Etter kandidaten er det ein pil som peiker på ein boks med oransje omriss. I boksen står det "Forprøve 1 (A2-nivå)". Etter den fyrste boksen er det to piler som går til to boksar som står over og under kvarandre. På den øvste boksen står det "Forprøve 2A (A2-nivå)". På den nedste boksen står det "Forprøve 2B (B1-nivå)". Frå kvar av desse boksane går det to nye piler som peiker på til saman tre nye boksar. Dasse tre boksane står over og under kvarandre og er heilfarga med lys oransje farge. Den øvste boksen har berre ein pil peikande på seg (frå den øvste av de førre forprøve-boksane), den midtre har to piler peikande mot seg (ein frå kvar av dei førre forprøve-boksane) og den nedste har berre ein pil peikande på seg (frå den nedste av dei førre forprøve-boksane). På den øvste oransje boksen står det "Hovedprøve A1-A2". På den midtre oransje boksen står det "Hovedprøve A2-B1". På den nedste boksen står det "Hovedprøve B1-B2".

Prøven tar 75 minutt

Leseprøven varer i inntil 75 minutt. Det betyr at du kan bruke mindre tid enn 75 minutt (1 time og 15 minutt), men ikkje lenger tid enn 75 minutt.

Bruk tida godt

Du må sjølv passe på tida underveis i prøven, slik at du får nok tid til å klare alle oppgåvene. Det er i dei oppgåvene som er passe vanskelege, at du får vist kva du kan. Det er derfor viktig at du har nok tid til desse oppgåvene.

I forprøvane vil det vere oppgåver som er for vanskelege for deg. Ikkje bruk lang tid på vanskelege oppgåver i forprøvane. 10-15 minutt er nok på ein forprøve. Svar så godt du kan, og gå vidare, slik at du får nok tid til hovudprøven.

Det er greitt å svare sjølv om du er usikker. Du får 0 poeng på ein oppgåve om du ikkje svarer eller svarer feil.

Du får lette og vanskelege oppgåver gjennom heile prøven. Dersom ei oppgåve er for vanskeleg, bør du gå vidare til neste. Du kan gå tilbake til vanskelege oppgåver viss du får tid.

Les spørsmålet først

Det er viktig å lese målretta for å spare tid. Les spørsmålet og svaralternativa før du les teksten, så veit du kva du skal sjå etter i teksten.

Det er ikkje sikkert du treng å lese teksten veldig nøye for å svare på oppgåva. Men det er lurt å lese spørsmålet sakte og nøye.

Prøven måler fleire nivå

På hovudprøven får du oppgåver på to nivå. Den kan opplevast lett for somme og vanskeleg for andre.

Kor vanskeleg du synest at prøven er, seier altså ikkje noko om kva resultat du vil få.

Forprøve 1 og 2A har oppgåver på A2-nivå, og hovudprøve A1-A2 har flest oppgåver på A1-nivå. Derfor vil kandidatar på lavt nivå få vanskelege oppgåver i starten og lettare (betre tilpassa deira nivå) på slutten.

Viss du bruker veldig lang tid på forprøvane, kan du komme vidare til ein prøve som eigentlig er for vanskeleg for deg. Du vil antakeleg få rett resultat likevel, men du vil ikkje få dei oppgåvene som er på rett nivå for deg, og du kan oppleve prøven som frustrerande og veldig vanskeleg.

Resultatet viser nivået ditt

Alle som tar leseprøven får eit resultat, som viser kva nivå dei les norsk på. Det er fem moglege resultat på leseprøven:

  • Under A1
  • A1
  • A2
  • B1
  • B2

Du treng B2 for å studere

For å kunne studere på universitet eller høgskule må du vere på B2-nivå i norsk.

Viss du ikkje klarar leseprøven på den tida du har til prøven (75 minutt), er du ikkje på nivå B2, og vil nok og streve med å lese pensum på eit universitetsstudium.