Hopp til hovudinnhald

Om lytteprøven

Lytteprøven i norsk (A1–B2) testar om du forstår når nokon snakkar norsk.

Slik er prøven bygd opp

Alle som melder seg opp til lytteprøven, startar med den same prøven, men alle får ikkje dei same oppgåvene.

Lytteprøven har totalt tre delar. Den startar med to forprøvar. Desse forprøvane er korte og har 7–8 oppgåver kvar. Den første forprøven er på nivå A2.

Det er resultatet ditt frå forprøvane som avgjer kva oppgåver du får på neste del av prøven (forprøve nummer to og hovudprøven). Dette er for at du skal få oppgåver som passar til nivået ditt.

Neste del av lytteprøven startar automatisk når du er ferdig med éin del. Det betyr at du tar begge forprøvane og hovudprøven rett etter kvarandre utan pause.

Hovudprøven er lang og har cirka 20 oppgåver. Nivået på oppgåvene varierer etter kva nivå du har fått på forprøvane.

Det er tre ulike nivå av hovudprøven:

  • A1–A2 (det lettaste nivået)
  • A2–B1 (middels vanskeleg nivå)
  • B1–B2 (vanskeleg nivå)

Figuren nedanfor viser at du begynner på første forprøve, før du går vidare til ein av dei to neste forprøvane, og til slutt får ein av tre moglege hovudprøvar.

Illustrasjonen viser prosessen med forprøver og hovedprøve på lytteprøven i norsk. Helt til venstre i illustrasjonen er et forenklet omriss av en person. Figuren er lys oransje og det står "Kandidat" på brystet til figuren. Etter kandidaten er det en pil som peker på en boks med oransje omriss. I boksen står det "Forprøve 1 (A2-nivå)". Etter den første boksen er det to piler som går til to bokser som står over og under hverandre. På den øverste boksen står det "Forprøve 2A (A2-nivå)". På den nederste boksen står det "Forprøve 2B (B1-nivå)". Fra hver av disse boksene går det to nye piler som peker på til sammen tre nye bokser. Disse tre boksene står over og under hverandre og er helfarget med lys oransje farge. Den øverste boksen har bare en pil pekende på seg (fra den øverste av de forrige forprøve-boksene), den midterste har to piler pekende mot seg (en fra hver av de forrige forprøve-boksene) og den nederste har bare en pil pekende på seg (fra den nederste av de forrige forprøve-boksene). På den øverste oransje boksen står det "Hovedprøve A1-A2". På den midterste oransje boksen står det "Hovedprøve A2-B1". På den nederste boksen står det "Hovedprøve B1-B2".

Prøven tar 30–60 minutt

Lytteprøven varer mellom 30 og 60 minutt. Lengda varierer etter kva forprøvar og kva hovudprøve du får.

På lytteprøven er det bestemt kor lang tid du får på kvar av oppgåvene. Prøven går vidare til neste oppgåve av seg sjølv. Du kan ikkje gå tilbake til ei tidlegare oppgåve.

På nivå A1-B1 blir spørsmålet og lytteteksten spelt to gonger. Så får du litt tid til å svare på spørsmålet.

På nivå B2 blir spørsmålet og lytteteksten berre spelt ein gong før du skal svare på spørsmålet.

Prøven måler fleire nivå

Lytteprøven har oppgåver på fleire nivå, og du vil få både vanskelege og lette oppgåver. Dei aller fleste vil få oppgåver som er for vanskelege for dei, og som dei ikkje klarer å løyse.

Prøven måler både kva du kan, og kva du ikkje kan. Det er derfor du får både lette og vanskelege oppgåver.

Det er viktig at du ikkje mister motet eller gir opp, om oppgåvene er vanskelege. Det vil antakeleg komme lettare oppgåver seinare.

Sjølv om du synest prøven er vanskeleg, kan du få eit godt resultat på prøven.

Resultatet viser nivået ditt

Alle som tar lytteprøven får eit resultat, som viser kva nivå dei forstår norsk tale på. Det er fem mulige resultat på lytteprøven:

  • Under A1
  • A1
  • A2
  • B1
  • B2