Øv til leseprøven
Øv på å lese tekstar på norsk, for eksempel i aviser og på nett. Du kan og trene på eksempeloppgåver for å øve deg til leseprøven.
Leseprøven testar ikkje kunnskapen din, berre språk.
For å få eit godt resultat på prøven bør du:
- øve på å lese og forstå norsk.
- bli kjend med innhaldet i prøven og oppgåvetypane.
- øve på eksempeloppgåvene for leseprøven.
Slik er oppgåvene i leseprøven
Tekstane i prøven er korte, fordi du berre har 75 minutt til å ta prøven.
Tekstane er tilpassa nivået. Tekstar på A1-A2-nivå er kortare og enklare enn tekstar på B1-B2-nivå.
Tekstane er eintydige. Det berre er eitt riktig svar på kvart spørsmål.
Nivå
Det er ulike oppgåver i leseprøven på dei ulike språknivåa.
Hugs å lese oppgåva nøye før du svarer.
Bruk eksempeloppgåvene til å førebu deg på korleis oppgåvetypane ser ut, og for å bli kjend med korleis du skal svare på oppgåvene. Dette er berre eksempel. Du vil ikkje få desse oppgåvene i prøven, men du vil få oppgåver som liknar.
Du får ikkje vite kva nivå du er på. Men du får vite kor mange oppgåver du svarer rett på.
Vel målform
Når du opnar eksempeloppgåvene, kan du velje om du vil gjere dei på bokmål eller nynorsk.
Du må bruke ei datamaskin (pc) for å ta eksempeloppgåvene. Dei fungerer ikkje på ein mobiltelefon eller nettbrett.
Eksempeloppgåver
Hovudprøven på A1–A2 har oppgåver på nivå A1 og A2. (Men du kan også få B1-oppgåver i forprøvane.)
Du kan sjå eksempel på dei oppgåvetypane som finst på A1 og A2 i lista under.
Nokre eksempeloppgåver er lettare enn A1, men dei fleste er på A1- eller A2-nivå. Dersom du er på A1-nivå, er det normalt at du ikkje klarer A2-oppgåvene.
Tips: Ikkje bruk lang tid på veldig vanskelege oppgåver. Gå vidare til neste oppgåve. Får du tid, kan du gå tilbake seinare.
Nokre oppgåver har vanskelege ord. Du kan klare mange av desse oppgåvene sjølv om du ikkje kan alle orda.
- Klikk i bilete og kalender
- Eksempeloppgåver: Klikk i bilete og kalender (nivå A1-A2)
- Vel rett bilete
- Eksempeloppgåver: Vel rett bilete (nivå A1-A2)
- Vel rett tekst
- Eksempeloppgåver: Vel rett tekst (nivå A1-A2)
- Fleirvalsoppgåver
- Eksempeloppgåver: Fleirvalsoppgåver (nivå A1-A2)
- Klikk på rett ord
- Eksempeloppgåver: Klikk på rett ord (nivå A2-B1)
Hovudprøven på A2–B1 har oppgåver på A2- og B1-nivå. (Men du vil også få A1-oppgåver i forprøvene.)
Du kan sjå eksempel på dei oppgåvetypane som finst på A2 og B1 i lista under.
Dei fleste eksempeloppgåvene er på A2- eller B1-nivå. Dersom du er på A2-nivå, er det normalt at du ikkje klarer B1-oppgåvene.
Tips: Ikkje bruk lang tid på vanskelege oppgåver. Gå vidare til neste oppgåve. Får du tid, kan du gå tilbake seinare.
Nokre oppgåver har vanskelege ord. Du kan klare mange av desse oppgåvene sjølv om du ikkje kan alle orda.
Oppgåvetypane du finn på A2-B1, er:
- Vel rett tekst
- Eksempeloppgåver: Vel rett tekst (nivå A1-A2)
- Fleirvalsoppgåver
- Eksempeloppgåver: Flerivalsoppgåver (nivå A2-B1)
- Klikk på riktig namn – kvem kan seie dette?
- Eksempeloppgåver: Klikk på rett namn – kven kan seie dette? (nivå A2-B1)
- Flytt avsnitt
- Eksempeloppgåver: Flytt avsnitt (nivå B1)
- Klikk på rett ord
- Eksempeloppgåver: Klikk på rett ord (nivå A2-B1)
Hovudprøven på B1-B2 har oppgåver på B1- og B2-nivå. (Men du vil også få A1- og A2-oppgåver i forprøvane.)
Du kan sjå eksempel på dei oppgåvetypane som finst på B1 og B2 i lista under.
Dei fleste eksempeloppgåvene her er på B1- eller B2-nivå. Dersom du er på B1-nivå, er det normalt at du ikkje klarer B2-oppgåvene.
Nokre oppgåver har vanskelege ord. Du kan klare mange av desse oppgåvene sjølv om du ikkje kan alle orda.
Oppgåvetypane du finn på B1-B2, er:
- Flytt avsnitt
- Eksempeloppgåver: Flytt avsnitt (nivå B1)
- Fleirvalsoppgåver – lang og kort
- Eksempeloppgåver: Flerivalsoppgåver (nivå B1-B2)
- Lukeoppgåve
- Eksempeloppgåver: Lukeoppgåve – fyll inn rett ord (nivå B1)
- Klikk på rett namn – kven handlar det om?
- Eksempeloppgåver: Klikk på rett namn – kven handlar det om? (nivå B2)
- Klikk på rett ord
- Eksempeloppgåver: Klikk på rett ord (nivå A2-B1)
Tips til å jobbe med oppgåvene
Leseoppgåvene er forskjellige. Les tekstane på den måten som oppgåva krev.
Det er viktig å lese målretta for å spare tid. Les spørsmålet og svaralternativa før du les teksten – så veit du kva du skal sjå etter i teksten. Det er ikkje sikkert du treng å lese teksten veldig nøye for å svare på oppgåva. Men det er lurt å lese spørsmålet sakte og nøye.
Ein lesar med svært gode norskferdigheiter kan gjere alle oppgåvene i ein leseprøve på 10-20 minutt. Kandidatane kan bruke 75 minutt. For å kunne studere på universitet eller høgskule må ein vere på B2-nivå. Dersom ein ikkje klarer leseprøven på den tilmålte tida, er ein ikkje på B2, og vil nok også streve med å lese pensum på eit universitetsstudium.
Under får du tips til korleis du kan løyse dei forskjellige oppgåvetypane.
Jobbe med fleirvalsoppgåver (for nivå A1-B2)
Fleirvalsoppgåver (oppgåver med fleire val) har eitt spørsmål og fleire svaralternativ du kan velje mellom. Berre eitt av alternativa er rett.
Oppgåva har ein tekst du må lese for å finne det rette svaret.
Nokre fleirvalsoppgåver har lange tekstar og fleire spørsmål til same tekst. Les det du treng for å svare på spørsmålet. Kanskje du ikkje treng å lese heile teksten.
Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på rett svar.
Eksempeloppgåver:
Les og klikk på rett svar
Ikkje les meir enn du treng for å svare.
I denne oppgåva er spørsmålet «Kven skriv Omar e-post til?» Du ser at det står «Hei Arvid» øvst. Kanskje er svaret «Arvid»? Men «Arvid» er ikkje eit av svar-alternativa. Tanita er eit namn, så Arvid kan vere tilsett på NAV, ein lærar eller tannlegen. Når du les teksten, ser du at meldinga handlar om at Omar kjem seint på skulen. Men han skal komme til timen klokka 10. Det er berre læraren som treng å vite dette. Derfor må Arvid vere læraren til Omar.
Nokre fleirvalsoppgåver har lange tekstar og fleire spørsmål til same tekst. Les det du treng for å svare på spørsmålet. Kanskje du ikkje treng å lese heile teksten.
I dette spørsmålet skal du finne ut kva Jonas treng pengar til. Du les svaralternativa, og begynner å lese teksten. Du kjem til setninga «No har han bruk for ekstra pengar slik at han kan bli med nokre kameratar på påskeferie.» Du les svaralternativa igjen. «Fjelltur» kan passe, eller kanskje han treng «sportsutstyr» til påskeferien? Du les vidare at ein kamerat «har fått leige ei hytte på fjellet.» Då veit du at «fjelltur» er rett svar. Du treng ikkje å lese resten av teksten.
Førebuing/øving:
For å førebu deg til Fleirvalsoppgåver på A1- og A2-nivå bør du øve på oppgåver der du skal leite etter eit bestemt innhald i ein tekst. Arbeidsbøker til læreverk har ofte mange slike oppgåver.
Når du forstår spørsmålet, kan du øve på å lese teksten så fort du kan. Bruk minst mogleg tid på å finne svaret.
Vel rett bilete (for nivå A1)
I denne oppgåva skal du finne biletet som passar til teksten. Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på rett bilete.
Eksempeloppgåver: Vel rett bilete (nivå A1 - A2)
I oppgåva under skal du finne biletet som passar til teksten. Sjå først på bileta. Les så raskt gjennom teksten.
Så skal du finne nok informasjon til å velje rett bilete. "Varmt" og "sol" passar ikkje med dei to bileta til høgre. Du les vidare og finn "t-skjorte." Då kan du sjå at det ikkje kan vere biletet til venstre. Les siste setning raskt. Du ser at svaret ditt er rett. Klikk på bilde nr. 2 og gå vidare til neste oppgåve.
Klikk i bilete og kalender (for nivå A1 og A2)
Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på rett stad i biletet eller rett dag eller månad i kalenderen.
Eksempeloppgåver: Klikk i bilete og kalender (nivå A1-A2)
I nokre oppgåver blir du bedt om å finne bestemte opplysningar. Då er det ikkje nødvendig å forstå absolutt alt i teksten for å svare på spørsmålet. Finn det du treng for å svare og gå vidare. Ikkje bruk tid på å lese alt like nøye. Du treng ikkje å forstå alt.
Andre oppgåver spør kva som er hovudinnhaldet eller temaet i teksten. Då treng du ikkje å få med deg alle detaljane, og heller ikkje å forstå absolutt alle orda. Les spørsmålet og svaralternativa først. Då veit du kva du skal sjå etter når du les teksten.
For å førebu deg til biletoppgåver bør du jobbe mykje med læreboka di. Les tekstane mange gonger, øv på orda og gjer oppgåvene.
- Sjå på biletet.
- Les teksten så raskt du kan.
- Finn ut kva du skal gjere.
- klikke på Tommy
- Kva får du vite om Tommy?
- han liker "å lese", han leste "i går kveld", "no" er han "trøytt", og han har "sovna."
- Klikk på guten som søv.
Oppgåva er å klikke på rett stad i biletet. Då må du først lese oppgåveteksten for å vite kvar du skal klikke.
Det står at Tommy har sovna. Du ser at det er ein gut som ligg med hovudet på pulten. Det er Tommy, og du må klikke på Tommy i biletet for å svare på oppgåva.
Vel rett tekst (for nivå A1-A2)
I oppgåvene der du skal velje rett tekst, får du eitt spørsmål og du skal velje den teksten som passar til spørsmålet.
For å førebu deg til denne oppgåva bør du lese enkle, ekte tekstar: Brosjyrer, annonser, nyheiter på nettet og chat. Øv på å lese fort gjennom teksten, og fortel deg sjølv kva du forstår etterpå.
Eksempeloppgåver: Vel rett tekst (nivå A1-A2)
Her skal du leite etter informasjon: «Kven har ikkje pengar?»
Les først spørsmålet, og begynn å lese tekstane raskt.
Når du finn svar, bør du lese denne teksten sakte, for å sjekke at du har forstått rett. Dersom du er sikker på svaret, treng du ikkje lese dei andre tekstane. Klikk på rett tekstmelding.
Klikk på rett ord (for nivå A2 og B1)
Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på eit ord i teksten som betyr omtrent det same som ordet/uttrykket i oppgåva. Byter du ordet i teksten med ordet i oppgåva, skal setninga framleis vere rett.
Eksempeloppgåver: Klikk på rett ord (nivå A2-B1)
Ordet i spørsmålet skal vere ganske lett, mens ordet i teksten truleg er ukjent for deg. Du skal prøve å forstå teksten som heilskap, utan å forstå alle orda. Så kan du bruke dette til å gjette kva dei orda du ikkje kan, kan bety. Når du trur at du har funne rett svar, kan du prøve å bytte ut ordet i teksten med ordet/uttrykket i spørsmålet. Dersom teksten no gir mening og setninga er rett, har du funne rett ord.
Det er mange vanskelege ord i desse tekstane. Du må ikkje kunne desse orda for å klare oppgåvene. Forstår du teksten som heilskap, skal du klare å svare rett.
Klikk på rett namn – kven kan seie dette? (for nivå B1)
Desse oppgåvene handlar om fleire personar. Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på rett namn.
Eksempeloppgåver: Klikk på rett namn – kven kan seie dette? (nivå A2-B1)
Les spørsmålet, og sjå litt nedover tekstane. Kanskje kan du sjå med ein gong at éin person er spesielt sannsynleg. Dersom du les starten på desse tekstane, ser du at den siste er bonde. Det er meir sannsynleg at ein bonde meiner noko om jordbruk enn at ein kranførar, ein elektrikar eller ein dataingeniør gjer det. Les resten av teksten om Mons og sjå om han synest at det er vanskeleg å leve av jordbruk. Dersom du er sikker på at Mons er svaret, treng du ikkje lese resten.
I denne oppgåva står det ikkje klart kva Mons meiner. Då må du lese dei andre tekstane også for å sjå om det står noko om jordbruk der. Det gjer det ikkje. Dermed må Mons likevel vere rett svar.
Flytt avsnitt (for nivå B1)
Denne oppgåva består av seks avsnitt som står i feil rekkefølge. Det første avsnittet kan ikkje flyttast, dei andre må flyttast for at teksten skal gi meining.
Eksempeloppgåver: Flytt avsnitt (nivå B1)
Det er mange ting som kan fortelje deg kva rekkefølge avsnitta skal stå i:
- Hendingar: Dersom teksten har ei handling, kan du ofte sjå at nokre hendingar må komme før andre. I teksten under reiser personen frå Tyrkia til Noreg. Du kan prøve å finne ut kva som skjer i Tyrkia, og kva som skjer i Noreg. I avsnitt 2 er han allereie i Noreg, mens det står i avsnitt 3 at han reiste til Noreg. Derfor må avsnitt 3 stå før avsnitt 2. Denne teksten er ei forteljing, og det er først og framst hendingane som viser rekkefølga på avsnitta.
- Uttrykk for tid: Ord og uttrykk som «etterpå», «nokre år seinare», og «då han var ferdig med …» kan vise at noko må komme etter noko anna. I teksten under begynner eitt av avsnitta med «Då den eine sonen var 30». Dersom det er andre avsnitt om sonen, kan dette vise deg rekkefølga på avsnitta.I det siste avsnittet står det at Mehmet gifta seg og fekk to søner. Dette må komme før det som seier at sonen var 30.
- Pronomen: Pronomen som «han, ho og dei» kan berre brukast etter at personane er introdusert. I denne teksten blir Mehmet introdusert i første avsnitt, og derfor kan vi bruke «han» i resten av teksten.
Denne oppgåvetypen krev ofte mykje arbeid, og det kan vere nødvendig å lese avsnitta fleire gonger.
Lukeoppgåve – fyll inn rett ord (for nivå B1 og B2)
Desse oppgåvene testar forståing av teksten som heilskap.
Eksempeloppgåver: Lukeoppgåve – fyll inn rett ord (nivå B1)
Du skal velje eit ord, ein del av ei setning eller ei setning som passar inn i teksten. Det som manglar, viser samanheng i teksten, som for eksempel årsak, følge, resultat, konklusjon, eller vurdering.
Her bør du først opne svaralternativa og lese raskt gjennom dei. Les så heile teksten raskt, for å sjå om du kan forstå heilskapen. Deretter kan du lese grundigare, og eventuelt teste dei forskjellige alternativa for å sjå om dei fungerer.
Teksten har hol eller «luker» der det manglar noko. Når du klikkar på pilen, får du sjå fire alternativ. Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på rett alternativ (ord), så kjem det inn i teksten.
Klikk på rett namn – kven handlar det om? (for nivå B2)
Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på namnet til personen som er rett svar i oppgåva.
Eksempeloppgaver: Klikk på rett namn – kven handlar det om? (nivå B2)
Denne oppgåva har tekstar om fleire personar. Her spør dei om noko som ikkje er direkte uttrykt i teksten, men som ein kan forstå ut frå teksten. Det er ganske mykje tekst, så det er lurt å lese spørsmålet, og så lese raskt gjennom teksten for å sjå om
- Du ser rett svar med det same, eller
- Det er klart kven det ikkje kan vere
Spørsmålet i dette eksempelet er «Kven meiner det er viktig å dra utanlands i ferien?»
Begynn på den første teksten og prøv dei to spørsmåla i starten.
Du ser at Pernille ofte er på fjellet – det står ikkje at dette er i eit anna land, så då er det antakeleg ikkje henne.
Gå vidare til den neste teksten. «Oppdage nye stader» kan vere utanfor Noreg. Det kan vere denne personen, men vi treng meir informasjon.
Då kan vi anten lese resten av denne teksten, eller gå vidare til den neste.
Dersom vi fortset til Elena, ser vi at ho «må ha sol». Det får ein ikkje alltid i Noreg om sommaren.
Her bør vi lese vidare. Vi ser då at ho reiser til «Sør-Europa» «kvart år». Då har vi svaret, men for sikkerheits skuld er det lurt å lese resten av denne teksten. Det kan jo vere at noko har endra seg i det siste. Vi les resten av teksten om Elena, og ser at det ikkje er noko som seier at ho har slutta å reise til Sør-Europa. Dermed kan vi la vere å lese om Erik og Rikke.
Om du synest det er ubehageleg å ikkje lese alle tekstane, kan du lese raskt gjennom resten, men ikkje prøv å forstå absolutt alle orda.
Øv på å lese norsk
Du bør lese så mykje norsk tekst som mogleg. Det er òg lurt å lese andre ting enn læreboka.
Du kan for eksempel øve på å lese:
- korte meldingar med informasjon eller instruksjonar (for eksempel på jobben, skulen eller i burettslaget)
- oppslag hos legen, på skulen eller på butikken
- brev/e-post (både personlege brev og offisielle brev, som den typen ein får frå for eksempel kommunen)
- chattemeldingar / tekstmeldingar (SMS)
- innlegg i sosiale medium
- reklame
- avisartiklar
- kronikkar
- bøker