Hopp til hovudinnhald

Prøvar i norsk før 2014

Før den digitale norskprøven kom i 2014, hadde vi fleire andre norskprøvar. Her ser du kva resultata betyr samanlikna med dagens prøve.

Prøvar frå perioden 1992-2014

Norskprøvar 2005-2014

Norskprøve 2 og 3 for vaksne innvandrarar:

  • Norskprøve 2 - Bestått tilsvarer A2
  • Norskprøve 3 - Bestått tilsvarer B1

Norskprøvar 1999-2005

Språkprøven i norsk for vaksne innvandrarar:

  • Skriftleg - Bestått/Godt bestått tilsvarer B1
  • Munnleg - Bestått/Godt bestått tilsvarer B1

Norskprøvar 1996-1999

Språkprøven i norsk for framandspråklege vaksne:

  • Under 220 - Poengsummen kan ikkje bli omrekna til eit nivå
  • 220 og over - Poengsummen blir omrekna til B1

Norskprøvar 1992-1996

Test i norsk for framandspråklege - mellomnivå:

  • Under 220 - Poengsummen kan ikkje bli omrekna til eit nivå
  • 220 og over - Poengsummen blir omrekna til B1

Be om stadfesting

Har du tatt nokon av prøvane ovanfor, kan du be om ei stadfesting av resultatet ditt frå oss. (Men du kan ikkje få eit nytt prøvebevis.)

Fyll ut eit digitalt skjema og be om stadfesting på resultat frå prøve i norsk.

Du vil få eit svar frå oss innan tre veker.

Vi vil sjekke i arkivet om du har tatt prøven og om du har bestått.

Dersom du har bestått prøven, vil vi sende deg eit brev som stadfestar resultatet ditt. Brevet blir sendt digitalt via Digipost/e-Boks.

Dersom vi ikkje kan stadfeste at du har bestått prøven eller fått eit positivt resultat, vil du få svar på e-post.