Samfunnskunnskapsprøve
Klagemoglegheiter
Du kan klage på formelle feil ved gjennomføringa av prøven. Men du kan ikkje klage på resultatet av prøven du har tatt.
Klage på resultat
Du kan ikkje klage på resultatet du har fått på prøven.
Klage på formell feil
Du kan klage på formelle feil ved gjennomføring av prøven. Ein formell feil kan for eksempel vere tekniske feil på prøvedagen som du meiner kan ha påverka resultatet ditt.
Vil du klage på ein formell feil, må du sende klagen til prøvestaden din (der du tok prøven). Finn kontaktinformasjon til prøvestaden din . (Vel fylke, deretter prøvestaden der du tok prøven.)
Frist for å klage
Fristen for å sende klage på ein formell feil er tre veker etter at du tok prøven.