Norskprøve A1-B2
Når er prøven?
Dei fleste kommunane i Noreg har prøver i norsk fire gongar i året.
Neste prøve
Neste prøve i norsk er i perioden 19.–30. mai
Neste påmelding
Neste prøve du kan melde deg opp til, er prøven som er i september.
Påmeldinga skjer i august, dato kjem..
Kommande prøver
Nedanfor er ei oversikt over norskprøvene (nivå A1–B2) i 2025.
Datoane for haust- og vinterprøvene er ikkje fastsette. Dei vil bli lagt ut her så snart dei er klare.
- Påmeldingsperiode: 27. januar –31. januar
- Prøveperiode: 10. mars – 14. mars
- Resultat: 3. april
- Frist for å klage: 2. mai
- Påmeldingsperiode: 7. april –11. april
- Prøveperiode: 19. mai – 30. mai
- Resultat: 20. juni
- Frist for å klage: 18. juli
Datoane for haust- og vinterprøvene er ikkje fastsette. Dei vil bli lagt ut her så snart dei er klare.
Ikkje alle prøvestader gjennomfører prøver i periodane du ser i oversikta. Du må lese på nettsida til kommunen for å finne ut når du kan ta prøva.
Nokre kommunar samlar delprøvane, andre set dei opp på ulike datoar. Sjå informasjonen du får frå kommunen din når du har meldt deg på, eller kontakt kommunen din.