Hopp til hovudinnhald

Norskprøve A1-B2

Norskprøven er for deg som er på norskkurs og andre som vil vise kor godt dei kan norsk. Prøven går frå begynnarnivå (A1) til avansert nivå (B2).

Neste påmelding

Påmeldinga opnar måndag 18. august kl 9.00 og stengjer fredag 22. august kl 23.59.

Kvalitetsstempelet Q-mark

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er medlem av den europeiske testorganisasjonen ALTE (Association of Language Testers in Europe).

I 2018 gjennomgjekk norskprøven ein kvalitetskontroll som resulterte i at prøven fekk kvalitetsstempel (Q-mark).

I 2023 blei prøven gjennomgått på nytt, og kvalitetsstempelet blei fornya. Dette betyr at Norskprøven tilfredsstiller dei krava ALTE har til ein god språkprøve.