Hopp til hovudinnhald
Informasjon om moglege endringar og oppdateringar av identitetsnummeret ditt i prøvesystemet

HK-dir førebur overgangen til eit nytt system for gjennomføring av prøver i norsk, samfunnskunnskap og statsborgarprøva. Ein viktig del av dette arbeidet er å sikre at personopplysningane som blir overførte til det nye systemet, er korrekte og oppdaterte. Dette er nødvendig for å ta vare på personvernet ditt, mellom anna ved å sikre at opplysningane om deg i prøvesystemet er riktige. Les meir.

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå

Prøven måler et svært høgt språknivå i norsk - ofte kalla akademisk nivå. Prøven måler berre på språknivået C1, og du som tar prøven får enten bestått eller ikkje bestått på dette nivået.

Neste påmelding

Påmeldinga opnar måndag 26. oktober kl 9.00 og stengjer fredag 30. oktober kl 23.59.