Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå
Moglegheiter til å klage
Du kan klage på resultatet på begge delprøvane i norsk på nivå C1. Du kan også klage på formelle feil ved gjennomføringa av prøvene.
Klage på resultatet
Du kan klage på resultatet på både delprøve i lytteforståing og skriftleg framstilling og delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon.
Når du klagar, kan du få same resultat eller eit betre resultat.
Frist for å klage på resultat
Fristen for å klage er 18. juli viss du tok prøven i juni.
Klagefristen er alltid 4 veker etter at resultatet er klart.
Slik klagar du
Dersom du vil klage på resultatet på prøven i norsk C1, er det fleire måtar du kan gjere det på. Du kan bruke eit digitalt skjema eller du kan sende oss klagen i posten.
Du kan klage frå du får resultatet og fram til klagefristen.
Du kan bruke klageskjemaet vårt, og sende klagen digitalt til oss:
- Send klage på resultat - norskprøve C1. Lenke til skjema vil bli tilgjengeleg ved resultatslipp.
Du kan også klage via Min side. Etter at du har logga inn, finn du lenke til informasjon om klage nedst på sida. Der det står "Vil du registrere ein klage" klikkar på lenka der det står "klikk her".
Send klage i posten
Du kan sende klagen din som eit brev i posten. Hugs å skrive både namnet ditt og kandidatnummeret ditt i brevet. Skriv også kva delprøve du vil klage på.
Adressa du må sende klagen til, er:
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Postboks 1093
5809 Bergen
Svar på klagen
Det tar vanlegvis 4–6 veker før du får svar på klagen din. Dersom det er mange som sender inn klage på prøven, kan det ta litt lengre tid.
Klage på formelle feil
Formelle feil kan for eksempel vere tekniske feil på prøvedagen som du meiner kan ha påverka resultatet ditt.
Fristen for å klage på formelle feil er tre veker etter at du tok prøven. Du må sende klagen til prøvestaden (der du tok prøven).
Ta ein ny prøve
Viss du ikkje er fornøgd med resultatet ditt, kan du melde deg på ein ny prøve. Du må betale for å ta den nye prøven.