Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå
Les om prøven
Prøven måler berre nivå C1, som er eit svært høgt språknivå. C1-prøven er basert på aktivitetar og språkhandlingar ein har bruk for innanfor akademia og andre arenaer med svært høge krav til språkferdigheiter.
Prøven måler kun språkferdigheiter på nivå C1. Han inneheld ikkje oppgåver på andre nivå, og derfor er det ikkje mogeleg å få B2 eller eit anna, lågare nivå på prøven – ein får anten C1 eller Ikkje bestått.
Rettleiingstest: Viss du er usikker på kva nivå din norsk er på, kan du ta ein digital test, som gir ei tilråding om kva nivå du bør velje. (Denne testen er kun ei tilråding, og gir deg ikkje eit eige prøvesvar eller prøvebevis slik som norskprøvane gjer.)
Slik er prøven bygd opp
C1 er eit svært høgt nivå. Innhaldet i prøven er basert på aktivitetar og språkhandlingar ein har bruk for innanfor akademia og andre arenaer med svært høge krav til språkferdigheiter. Derfor er oppgåvene i prøven på C1 komplekse og kognitivt krevjande.
Nokre av oppgåvene måler berre skriving eller berre munnleg kommunikasjon, mens andre oppgåver måler fleire ting samtidig. Då må ein bruke reseptive ferdigheiter (lesing eller lytting) saman med produktive ferdigheiter (snakking eller skriving) for å vidareformidle noko. Dette stiller høge krav til både språkferdigheiter og konsentrasjon.
C1-prøven har to delprøvar:
- Delprøve i lytteforståing og skriftleg framstilling varer i 2 timar og 30 minutt.
- Delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon har ei førebuingstid på 30 minutt, og eksaminasjonstida er 15-20 minutt.
I begge delprøvane er det nokre oppgåver som måler fleire ferdigheiter samtidig. Prøven inneheld berre oppgåver som måler på nivå C1.
Lytteforståing og skriftleg framstilling
Delprøven i lytteforståing og skriftleg framstilling har to oppgåver, og du tar begge oppgåvene på pc.
Lytteforståing + skriftleg framstilling
I oppgåve 1 får du høyre ein lengre samtale mellom ein mann og ei kvinne. Samtalen blir spelt to gonger, og ein vel sjølv når ein vil begynne å høyre på samtalen.
Etter at samtalen er spelt éin gong, vil det vere ein pause på eitt minutt, før han blir spelt ein gong til.
Du skal skrive ei oppsummering av innhaldet i samtalen, slik at ein som ikkje har høyrt samtalen, kan få eit klart inntrykk av kva personane meiner. Du skal skrive ein samanhengande tekst (ikkje punkt), og teksten skal ikkje ha meir enn 350 ord.
Skriftlig framstilling
Oppgåve 2 er ei rein skriftleg oppgåve. Du får velje mellom to ulike oppgåver. Oppgåvene inneheld ei problemstilling.
I det skriftlege svaret skal du presentere saka kort, ta stilling til spørsmålet og argumentere for sitt syn. Ein skal skrive mellom 300 og 400 ord.
Du til saman to og ein halv time til å gjere oppgåvene. Det er viktig at du les informasjonen og instruksjonen til oppgåvene nøye.
Du kan sjå døme på oppgåver og prøvesvar på sida Øv til prøven.
Leseforståing og munnleg kommunikasjon
Delprøven i leseforståing og munnleg kommunikasjon er delt i to. Du skal først lese tekst og førebu deg på å snakke om teksten. Så skal du ha ein munnleg samtale med eksaminator (ein samtalepartner som stiller deg spørsmål om teksten).
Leseforståing
Du begynner delprøven med å lese tre tekstar på pc eller papir og førebu svar på to av dei tre oppgåvene du skal snakke om når du kjem inn til eksaminator.
Du har 30 minutt til saman på å lese og førebu deg. Det er viktig at du les informasjonen og instruksjonen til oppgåvene nøye. Her vil du finne meir informasjon om korleis oppgåvene skal løysast. Du kan notere på eit ark du får utdelt av prøveleiar, når du skal førebu svar på oppgåvene.
- Oppgåve 1: Du skal lese tekst 1 og førebu deg på å oppsummere teksten munnleg. Oppsummeringa skal ta omtrent 5 minutt.
- Oppgåve 2: Du skal lese tekst 2 og 3 og førebu ein kort presentasjon av synspunkta som kjem fram i desse tekstane. Du skal deretter kunne seie kven du er mest einig med, og argumentere for ditt syn. Du kan snakke i omtrent 5 minutt.
Munnleg kommunikasjon
Etter at du har lese tekstane og førebudd svar på oppgåvene, blir du kalla inn til ein eksaminator. Der skal du presentere svarene du har forberedt deg på de to første oppgavene.
Du har lov til å bruke tekstane og eige notatark når du presenterer svara dine, men det er viktig å hugse at det skal vere ein munnleg presentasjon, og ikkje ei opplesing.
- Oppgåve 3: Etter at du har svart på oppgåve 1 og 2, vil du få ei tredje oppgåve av eksaminator. Dette er ei reint munnleg oppgåve. Her får du høyre ein påstand, som du skal seie om du er einig eller ueinig i, og argumentere for ditt syn.
Du tek prøven i munnleg kommunikasjon aleine
Du tek prøven aleine, ikkje saman med ein annan kandidat.
Det er ingen sensor til stades på den munnlege prøven. Eksaminator gjer lydopptak av eksaminasjonen, og dei faste sensorane på C1-prøven høyrer på lydopptaket i ettertid og vurderer svaret.
Kva er nivå C1?
C1 er det nest høgaste nivået på skalaen til Det felles europeiske rammeverket for språk. C1 er eit svært høgt nivå, og ikkje alle som lærer eit språk vil klare å nå dei høgaste nivåane.
Det at ein er på C1 betyr ikkje at ein behersker språket fullt ut. Det vil framleis skje einskilde glipp i språket, men det er eit så høgt nivå at ein kan bruke språket uanstrengd og effektivt i dei fleste situasjoner.
Korleis vert prøven vurdert?
Sensorane set resultatet ut frå eit vurderingsskjema som beskriv nivå C1. Vurderingsskjema og forklaring til vurderingskriteria for delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon på C1-nivå er oppdatert 02.10.24 med endringar i beskrivingane for uttale.
Rettigheiter og plikter
Prøven kan tilpassast eller leggjast til rette på ulike måtar. Tilrettelegging kan for eksempel vere at du får ekstra tid, eller at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven.
Du må kontakte prøvestaden din så raskt som mogleg, og seinast tre dagar etter at du melde deg opp til prøven.
Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som fusk òg kalla juks).
Her er nokre eksempel på fusk:
- å bruke falsk legitimasjon
- å bruke eller ha med seg elektroniske hjelpemiddel som for eksempel smartbriller, smartklokker og mobiltelefon
- å bruke andre nettsider eller dataprogram enn prøvesystemet (for eksempel Word, Notisblokk)
- å bruke ordbok eller notat
- å kommunisere med andre enn tilsette ved prøvestaden under prøvegjennomføringa
- å kopiere, skrive av eller memorere svar eller tekst som andre har skrive, og bruke det i svaret ditt (plagiat)
Fusk eller forsøk på fusk kan føre til
- at du må forlate lokalet
- at du ikkje får prøvebevis
- at du må vente eitt år før du kan ta prøven på nytt
- at du må betale for prøven neste gong du tar han
Vi kan finne ut om du fuskar, både under prøven, etter prøven og når vi rettar prøven.
Dersom du blir tatt for å fuske, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket. Les meir om klage.
Tekstane du skriv på skriveprøven, skal vere ditt eige arbeid. Kopiering og plagiat er ikkje lov.
Det er plagiat dersom du bruker heile eller delar av andre sine tekstar, for eksempel henta frå internett, lærebøker eller medelevar, og lèt som det er din eigen tekst.
Det gjeld òg om du har memorert tekst og brukar det i prøven din.
Forfalsking av prøvebevis er rekna som dokumentforfalsking og vil bli meldt til politiet.