Statsborgarprøve
Les om prøven
Dersom du skal søke om norsk statsborgarskap, må du ha bestått anten statsborgarprøven eller samfunnskunnskapsprøven på norsk.
Varigheit
Prøven varer i maksimalt éin time (60 minutt).
Språk
Prøven er på norsk. Du kan velje om du vil ta prøven på nynorsk eller på bokmål. Prøven er på språknivå A2.
Du kan få spørsmåla lesne opp ved hjelp av lydfiler når du tar prøven.
Kven må ta statsborgarprøven?
Forskjellen på statsborgarprøven og samfunnskunnskapsprøven
Statsborgarprøven og samfunnskunnskapsprøven har same pensum, som ligg på nettstaden samfunnskunnskap.no.
Statsborgarprøven har eit litt lågare språknivå på norsk enn samfunnskunnskapsprøven. Norsknivået på statsborgarprøven skal vere på nivå A2, mens norsknivået på samfunnskunnskapsprøven blir rekna som høgare enn A2. Les om språknivåa.
Slik er prøven bygd opp
Statsborgarprøven har 36 oppgåver. Kvar oppgåve har tre svaralternativ, der berre eitt svar er rett.
Spørsmåla du får på prøven, er henta frå læreplanen i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.
Du må ha 24 rette svar for å bestå prøven.
Det er berre 32 av oppgåvene i prøven som gir poeng. Dette er fordi vi testar ut fire nye oppgåver i prøven. Får du rett eller feil svar på dei fire oppgåvene vi testar, vil ikkje det påverke kor mange poeng du får til slutt.
Rettigheiter og plikter
Prøven kan tilpassast eller leggjast til rette på ulike måtar. Tilrettelegging kan for eksempel vere at du får ekstra tid, eller at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven.
Du må kontakte prøvestaden din så raskt som mogleg, og seinast tre dagar etter at du melde deg opp til prøven.
Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som fusk òg kalla juks).
Her er nokre eksempel på fusk:
- å bruke falsk legitimasjon
- å bruke eller ha med seg elektroniske hjelpemiddel som for eksempel smartbriller, smartklokker og mobiltelefon
- å bruke andre nettsider eller dataprogram enn prøvesystemet (for eksempel Word, Notisblokk)
- å bruke ordbok eller notat
- å kommunisere med andre enn tilsette ved prøvestaden under prøvegjennomføringa
- å kopiere, skrive av eller memorere svar eller tekst som andre har skrive, og bruke det i svaret ditt (plagiat)
Fusk eller forsøk på fusk kan føre til
- at du må forlate lokalet
- at du ikkje får prøvebevis
- at du må vente eitt år før du kan ta prøven på nytt
- at du må betale for prøven neste gong du tar han
Vi kan finne ut om du fuskar, både under prøven, etter prøven og når vi rettar prøven.
Dersom du blir tatt for å fuske, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket. Les meir om klage.
Forfalsking av prøvebevis er rekna som dokumentforfalsking og vil bli meldt til politiet.
Praktiske opplysningar
På prøvedagen må du vise fram gyldig legitimasjon / identifikasjon (ID).
Dette er gyldig legitimasjon:
- gyldig pass
- norsk bankkort med bilete
- norsk førarkort – original og duplikat
- nasjonalt ID-kort utskrive innanfor EØS-området
- reisebevis for flyktningar og utlendingspass
- opphaldskort for utlendingar
- asylsøkarbevis med namnetrekk og informasjon om fødestad
Stortinget har bestemt at kravet til ferdigheiter i norsk munnleg heves til nivå B1 for å få norsk statsborgarskap. Endringane trådde i kraft 1. oktober 2022.